mandag 11. juli 2011

BLOGG I POLITIKKUNDERVISNINGA, KVA TRUR DE?

Til undervisninga i politikk og menneskerettar i år har eg tenkt å teste ut blogging som ein måte å lære på. Her vil eg publisere tekstar og stoff som de har skrive og stoff, lenker og anna som eg tykkjer er relevant for at me skal få eit godt og mest mogeleg utbytterikt skuleår ilag. Eg vil bruke bloggen vår som ein oversikt over det me har drive med gjennom året noko som kan vera ein nyttig oversikt ved slutten av skuleåret når eksamensspøkelsen byrjar å nærme seg. Eg gler meg til å gå igang med årets politikk kurs og aller først så skal me igang med VAL 2011.